
Fjord og fottur
Litunet i Hylsfjorden
Historisk tur til den avsidesliggjande garden 300 meter over Hylsfjorden – med guide frå Ryfylkemuseet.
Gå i fotspora til tidlegare generasjonar som budde innerst i Ryfylkefjordane. Kjenn på kva som krevst av styrke og vilje for å leva 300 meter over fjorden på den vesle åssida ved Li i Hylsfjorden.
Båten legg til ved naustet nede ved fjorden, der du vert møtt av ein guide frå Ryfylkemuseet. Stien opp er bratt og utfordrande, men på toppen ventar ei utruleg panoramautsikt – og ein guida tur på garden.
Fjordcruiset til Litunet er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Helgøy Skyssbåt.
Høgdepunkt
- 300 høgdemeter
- Guide frå Ryfylkemuseet
- Panoramautsikt
- Lunsjpakke frå DRØS på Sand

Ruta
Illustrativ rute – endeleg trasé avtalast etter ønske og vêr.
Skreddarsy turen din
Fortel oss kvar, når og kor mange – så finn vi rett båt og lagar turen slik du vil ha han.
