Helgøy SkyssbåtHelgøySkyssbåt

Om oss

Ei familie, ein fjord, over 40 år på sjøen

Me legg vekt på at passasjerane våre skal få ein minnerik tur med oss. Me gler oss til kvar tur, og ser fram til å ynskja deg og dine velkomen om bord.

Helgøy Skyssbåt er eit familiedrive skyssbåtfirma med hurtiggåande båtar frå 6 til 147 passasjerar. Båtane er moderne og har fine salongar med god utsikt.

Me held til på Helgøy i Hjelmeland kommune og tilbyr båtskyss, vakttenester, mannskapsskifte, sightseeingturar med meir. Ta kontakt, så skreddarsyr me turen slik du vil ha han.

Historia

  1. 1982

    Jon Arne Helgøy startar passasjertrafikk med trebåten «Helgøy» – skuleskyss over sundet mellom Grønvik og Helgøy.

  2. 2001

    Helgøy Skyssbåt AS vert stifta. Selskapet er eigd og drive av familien Helgøy.

  3. 2018

    Flytting til nye lokale i Helgøyvegen – hovudkontor, lager, verkstad og hamn for båtane.

  4. I dag

    12 tilsette, åtte fartøy og over 100 000 nautiske mil i året – 4,5 gonger rundt ekvator.

Kva vi står for

Erfaring frå både turisme og profesjonelle oppdrag

FamiliedriveLokalkunnskap i RyfylkeModerne hurtiggåande fartøyKomfort og gode opplevingarSkreddarsydde turarTurisme og maritime oppdrag

Skreddarsy turen din

Fortel oss kvar, når og kor mange – så finn vi rett båt og lagar turen slik du vil ha han.

Be om tur